lørdag 27. desember 2014

Nyløypa til Solfonn - sekund for sekund!

I gnistrande 14 minus satte me kurs frå Solfonn mot den nye løypa oppover fjellryggen frå Solfonn. Løypa knyter Solfonn saman med resten av løypenettet på Korlevoll og heilt til Røldal om du vil.

I linken nedanfor har eg filma med mobilen medan eg kjørte nedfarten frå siste høyspentmast og ned til hyttefeltet, ned derfrå er det ein bratt bakke og så er du ved leilighetene:) Som ein ser er ikkje underteikna så veldig flink på ski, 180 grader svingen har litt v-form etter at løypemaskinen har kjørt seg litt ned i midten, det vart for vanskelig for meg:)

Link til YouTube: https://www.youtube.com/watch?v=eyD0W65T0lo


Her har dei skutt seg inn i fjellet
















I haust utbedra det eminente Seljestad og Røldal Løypeselskap den nedre delen som blant anna var kjent for "mørdarbakken" som svenskane villa kalla den. Bakken framstod for ein vestlending som ikkje er født med ski på beina som omtrendt loddrett:)

Vel, her har dei skutt seg inn i fjellsida og bakken er no heilt kurrant, også videre oppover er det no kun bakkar som ikkje krever medfødte evner på ski, men du skal tross alt oppover så bakkane er ikkje trylla bort, men vår 6 åring klarar dette fint, sjølv med vekslande motivasjon!

Eg vil likevel sei at om ein reiser til Solfonn for å gå rolige familietur på ski så vil eg føretrekke å kjøre til Korlevoll å parkere der (husk at det koster kr. 50,-). Grunnen til det er at det er omtrendt 250 høydemeter frå Solfonn til du er på løypenettet. Frå Solfonn til Oddavarden er det 355 høydemeter.

Her gjekk med opp før:)




















Her er utsikten oppe ved fyrste masta, vel verd turen i flott vèr!

"Her gjekk eg "på tryne":)


søndag 21. desember 2014

Førjulstur!

Kjempeflotte forhold på Korlevoll både på dagtid og i lysløypa på kvelden🎿
I går gjekk det verkelig opp for meg at det blir eit skikkelig slit å starte med skøyting, to rundar i lysløypa på smørrefrie og eg va slitnare enn nokon gong, til tross for ganske så ivrig sykling i det siste, dette er noko heilt anna😅

lørdag 20. desember 2014

Varmematte!

Denne matta er gull verd! Mykje pengar spart vs alternativet som var å få bytta eit vindauga frå fast til åpningsbart! Kr 740,- frå isfritt.no.

Ein del leiligheter på Solfonn har dette problemet, men nokon har åpningsbart vindu mot terrasse og andre har "tak over" fra naboleiligheten, me har ingen av delene og dermed skal det ikkje store snøfallet til før ein ikkje får opp døra som går utover! I verstefall får ein då ikkje tilgang til terrassen heile vinteren!

Forrige helg måtte me klatre hos naboen, som i fjor, men matta fungerte no så ein må berre sjekke at ein ikkje har trykt på testknappen på jordfeilvernet i matta:)

Vår matte er den minste, som ein ser er det akkurat nok, fordelen med liten matte er veldig lite straumbruk, men hadde nok kjøpt hakket større om me kjøpte no!

Det har komme ca 1 meter snø på terrassen sidan forrige helg då terrassen vart rydda sist så dette er fyrste gang me har fått testa den i skikkelig snømengder, men den fungerer utmerket og annefales absolutt til andre med samme utfordring😜
Med den minste matta må ein vere nøye med plasseringa!
Trinn 1 er å opne og spa vekk snøen for å kunne åpne den lille døra!
Her går ein ut å lukker den store
Vips så var det rydda for snø:)

søndag 14. desember 2014

Gutatur, igjen!

Med "enorme snømengder" på Seljestad vart det litt vanskelig å halde seg heime denne helga. Julebord fredag for meg og lørdag for June hindra ikkje ein kort-tur på oss gutta, lørdag-søndag.

Ungane syns det var enorm stas å komme opp i snøen etter lengre periode med kuling, storm og regn på Stord!
Absolutt nok snø på terrassen, jordfeilvernet stod av på varmematta, men heldigvis var våre hyggelige naboar på fjellet så eg fekk klatre i stigen deira frå deira terrasse i 3. til vår i 4. etg. Me kan ikkje drive å klatre på veggen hos naboen kvar gong det kjem litt snø så om matta er ustabil blir det snarlig reklamasjon. Rett før me reiste var det god lunk i matta så eg trur berre nokon har vore borti knappen som slår ut jordfeilvernet når den nylig vart lagt ut...

Eit bra dagsverk for ein kontorist å rydde 7,5 m2 terrasse for snø, saunaen stod å venta for å halde oppe moralen:) Dessverre kom regnet utpå søndagen, men værmeldingane viser at det kun var nokre timar med mildvær før det igjen byrjar å snøe omtrent uavbrutt i 10 dagar til så det ser ut til å bli store snømengder i år:) 

Då er det berre å vente på julafta å sjå om ikkje julenissen har lagt tre par skøyte ski under treet så heile familien har skøyteski:) Det ser lett ut, men eg veit det er eit slit, men nokre mål må ein sette seg! Vel, det blir garantert tur nest helg også så ikkje siste tur jul ette, så blir et romjul og antakelig nyttår, men det blir litt til og frå pga jobb, men, men...


mandag 8. desember 2014

Sesongstart på Korlevoll!

Det tok litt meir tid før det kom snø, men no kjem det i bøtter og spann og det er i dag kjørt skiløyper på Korlevoll for fyrste gong denne sesongen:)

No byrjar det å likne på noko:)

Vakkert syn!

Det blir snø i bøtter og spann så langt varslet rekk:)

Forrige helg vart det kjørt løyper i Valldalen, men me hadde ikkje tid til fjelltur då. Førjulstida er hektisk, med div julebord og den årlege 3 familiefesten som gjekk av stabelen helga som var. "Dessverre" er det julebord både fredag og lørdagen kommande helg, men sidan eg skal på fredag og June lørdag, blir det brus etter maten på meg og avgårde kåre med gutta, lørdag morgon:) Kjekt at det er så kort at det går ann å ta lørdag til søndags turar også:)