søndag 18. august 2013

Påsken!

Me fekk ein fantastisk påske på Solfonn. Perfekte forhold, nydelig vær og lange dagar, stortsett på langrenn frå Korlevoll. Her er eit mylder av fine løyper, Seljestadstølen er maks strekke me har lagt ut på med ungane, men me voksne har hatt lengre turar til Oddavarden og me har også tatt trekke opp i Røldal og gått tilbake til Solfonn. Uansett, her er løyper for ein kvar smak, med mykje bålbrenning og kos!

Mange timar på fjellet krev at ein kan jobbe litt inni mellom, det går fint. Betre utsikt frå kontoret skal du leite lenge etter:)

Typisk god dag i løypa, kort tur og mykje bålbrenning og pølsespidding:)

Slalomkonkurranse for ungane i Håradalen, Amund er stolt deltaker med Kvik Lunch i premie:)




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar