Leiligheten

Leilighetskomplekset på Solfonn er spesielt utforma og nermast ingen leilighet er lik, dette har gjort bygget kostbart og med svært høg standard på leilighetene samt oppvarma garasje under bakken med heis opp til leiligheten samt basseng og anna aktivitetstilbud er det ikkje vanskeleg å forstå at det heile ikkje blei heilt rimeleg pr m2. Det gjorde ikkje saken betre at dette er bygd på grunnen til gamle Solfonn Hotell. Det gjekk ikkje få millionar ut før eiendommen var kjøpt og det gml hotellet revet.

Dessverre har prisane også her blitt betydlig redusert som i dei aller fleste andre fjell-leilighetsprosjekt i landet. Men konseptet er fantastisk for oss som ikkje har noko hyttedrøm, men ein drøm om å vere på fjellet når det opnar seg ein mulighet i ein hektisk kvardag.


Me falt for beliggenheten og planløsningen i vår leilighet.

Leiligheten har eit bruksareal på 60 m2 over to plan. Gulvarealet er 66 m2. Der teikningane viser "åpent ned", er det frå nytt av lagt gulv og dermed har det blitt ei grei stue oppe. Vår erfaring er at det er praktisk å ha adskilt stue og kjøkken/allrom når ein har ungar som skal sjå TV eller spele og me er derfor svært nøgd med denne planløysinga. Den store romfølelsen mistar ein med 2 nivå, men dette er langt å føretrekke likevel.

Allrommet er ca 18 m2 og blir "storstue" og det naturlig oppholdsrommet for dei voksne. Vedovnen gir både kos og rikelig med varme i ein leilighet. Kjøkkenet er HTH med integrert oppvaskemaskin og kjøleskap. Denne leiligheten har oppgradert med børstet stål og glassvegg mellom benk og overskap.

På veggen her vil det nok komme opp ein TV nr 2 ganske snart så ein slepp diskusjonar med dei unge når dagen er over og ein skal slappe av med passiv underhaldning. Under trappa er det ein stor bod.
Det er ein stor gang med plass til mykje sko og klær.

Mot sør-vest ligg terrassen på ca 7m2, her er både lys og strømuttak og flott utsikt mot skog og høge fjell i bakgrunnen
Stua oppe er ikkje veldig stor, men praktisk og trivelig.
Store vindusflater med flott utsikt sør-vest.
I 2. etg er det to soverom, ein har valgt å ta av stueplassen til store og flotte skap, me vil vurdere om dei heller bør stå på romma for å skape bedre plass i stua, men det er grei plass for ein familie slik det er no også.
Det eine av dei to soveromma er ganske stort og kan lett huse ei familieseng og ein familie på 4. Me kjem nok til å gjere om her slik at alle oss 4 kan ligge her og svigers kan ligge på det minste rommet så me slepp å reie opp på stua, sjølv om sofaen der er ein sovesofa med plass til to.
Det minste soverommet har også bra med plass.
Flott bad med plass for vaskemaskin og inngang til sauna.
Sauna har dei også fått plass til i dei fleste leilighetene på Solfonn, slik er det også her...
Om vinteren islegges ballbingen hvis det er forhold til det.
Bassenget er rosina i pølsa, overraskande stort med flott garderobe og sauna også her, det planlegges kaffe og resepsjon der kundar i restauranten skal kunne nytte bassenget midt på dagen, det er antakelig fornuftig for å kunne halde driften i dette utan for store kostnader for leilighetseigarane. Med resepsjon vil det også bli enklare å leige ut om ein ynskjer det.

Konspetet er gjennomført heilt ut, oppvarma garasje må vere del av pakken når ein først kjøper leilighet på fjellet...

Mellom garasjen og leiligheten er det ein nulte etasje med ei stor 6m2 bod til kvar leilighet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar