søndag 26. mars 2017

Langhelg med venner!

Denne helga hadde me besøk i vår leilighet og 2 andre vennerpar hadde leigd kvar sin leilighet. 

Me har inntrykk av at det har bredt om seg med utleige på Solfonn. Det er pluss og minus med det, men anlegget må nyttast for at eigarane skal kunne forsvare investeringen så me må sjå positivt på det. Det er meste i bassenget me ser at det no er mange som nytte anlegget i helgane som er folk me ikkje har sett før og dermed antar eg det er leigetakeren! Flott tenker eg, stor sett:) Me har sjølv vurdert utleige om det blir færre turar ein periode framover medan ungar er opptatt på anna hold i helgane, men ikkje lagt det ut enda iallefall!

Vel, tilbake til "hyttebok" som denne bloggen er for oss:)

Me reiste opp torsdagen, berre 4 dagar sidan me reiste ned sist!

Ingen problem med motivasjonen hos den yngregarde når kompisane også kjem på fjellet:) Litt gråvær fredag og lørdag, men det var mange timer med aking og snøhulebygging og sikkert nesten like mange timar i bassenget:)

Lørdagen var eg og eldstemann og den eine familien i Røldal. Flatt lys i starten, men det vart ganske bra og mykje bedre enn meldt, men 2 timars kort er heilt ok, ingen av oss er heilt hekta på alpint.

Med 4 familier blir det altfor liten plass til å møtast i leiligheten så det var grilling ute etter turen i Røldal og veret klarna opp og solbrillene måtte fram. Fantastisk kjekt å være ein slik gjeng på fjellet og ungar som ikkje vil inn er musikk:)
Søndagen vart fantastisk, svetten silte på veg opp mot Oddavarden, 6-8 grader stilt og sol. Skikkelig påskestemning!

No får me berre håpe at ikkje det varme været kommande veke tar all snø før påsken!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar