lørdag 6. februar 2016

Gutatur - 5.-7. Feb

Div aktiviteter i heimen gjorde at eg og Ola tok turen åleine denne helga. Det var på tide, det har snøa mykje og terrassen var som venta full i snø. Varmematta hadde gjort jobben slik at me fekk opp døra! 


7m2 terrasse og 70 cm snø gir 5000 liter med snø:). Ingenting ifht i fjor når det nesten dekka vinduene på 2 meter, men uansett ei god treningsøkt! Spes når det er ny frest nede så ein må prøve å kaste så langt at det ikkje fell på platen deira, dessverre ikkje mulig å unngå heilt, tross kraftige kast! 

Vel, som alltid fantastisk kjekt å komme opp, 2 veker sidan sist. Ekstra kos ved frokosten når løypemaskinen svingar innom:)
Men etter morgonbadet no kjøre med til Korlevoll sidan pluggen på 8 vil prøve skøyteskiene!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar