søndag 1. februar 2015

Ein fantastisk dag på Seljestad!

Me våkna te -14 og blå himmel. Tok ein lang frokost i påvente av litt mildare temperaturer. Kl 1200 parkerte me på Korlevoll og gjekk nokre 100 meter for å komme i sola, det var fortsatt -10 på parkeringsplassen så rimelig kjølig, men sola varma og me fekk ein fantastisk fin tur i Seljestad Lågland løypa.
Her er mange muligheter for å korte ned, dei 9 km, minsten tok dei fleste snarvegane så dermed fekk dei andre gått litt tempo i periodar:) Me gjekk ikke til Seljestadstølen og dermed vart det ca 6,5 km av dei 9 km. Akkurat passe:)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar