søndag 22. februar 2015

Vinterferie!

Endeleg litt meir tid enn ei hektisk helg på Solfonn, 9 dagar er planlagt på fjellet, med mykje innlagt besøk for å sikre at ungane ikkje blir leie, me voksne slit ikkje med det, men sjølvsagt kjekt å få besøk for oss også. Åsmund, kompis til yngstemann, vart me oss i helga, June reiste ned i dg søndag for å jobbe to dagar, men allerede i morgon kjem 3 ny ungar på besøk:) 
Lørdag var det flotte forhold på Korlevoll, søndag vart det snøhulegraving ved leilighetene samt bading og atter bading:) Sjølv om det er litt kaldere i bassenget akkurat no, me håpar det blir varmare igjen, snart:)

Resten av veka ser ut til å bli ok, men stort sett skal det snø, men sålenge det ikkje regnar er det topp, inni mellom skinn det opp ein periode!

Tirsdag var det frisk vind, men me fann oss ei lun hule like ovanfor leilighetene og fekk grilla pølser på bål likevel:)

Onsdagen fekk me kjempeflott vêr og var på Korlevoll heile dagen, her frå torsdagen, då var det perfekt snøhuletunell-gravingsdag:) Dei 4 eldste i aksjon.

No er det fredag og bestemor og søskenbarn Kathrine har nettopp inntatt Solfonn, dermed fekk eg og June ein etterlengta tur i lysløypa på Korlevoll, utan barn:) og me har allerede vore her ei heil veke, tida fyk med ganske hektisk, men veldig kjekt program!

Lørdagen vart bra, kjekt å høyre lyden av Seljestad og Røldal Løypeselskap til frokost:) Dei gjer ein flott jobb og veldig kjekt at dei også preppar akebakken på Solfonn
Søndag vart det dårlig vêr og dermed ekstra kjekt med bordtennis på ungdomsrommet:) Der er også dart (ta med piler) og landhockey

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar