fredag 25. januar 2013

Leilighet på fjellet, men kvar?

Me har lenge vurdert leilighet på fjellet, etter mange år med diverse leige forhold, både bedriftshytter og privat leige valgte me for 2 år sidan å inngå avtale om åremål på ei lita Koje på Vågslid, trivelig liten sak. Men etter 2 år med åremål her saman med Ragnhild m/familie fann me ut at det blir dyrt å betale så mykje i leige for noko som er så lite og ikkje vårt eget.

KOJO PÅ VÅGSLID

Det har vore av og på ifht å kjøpe noko eget, det krev mykje kapital og reint øknomisk er det både betydelig billigare og risikofritt å leige. Men me merka utover denne sesongen at det blir sjelden me kjem oss til fjells når me må ordne leige lang tid i forvegen. Me har stått på div ventelister på jobbhytter utan hell etc så skal en ofte til fjells er det iallefall veldig praktisk å eige sjølv. Det er først om mange år fram i tid me vil sjå om dette viser seg å vere ei god investering reint økonomisk. Det er uansett ikkje fokuset vårt, planen er å få ein plass på fjellet me kan bruke mykje, leige ut litt når det passar og ellers har svigers ein andel som gjer at det blir ein naturlig samlingsplass og me håpar å få vore mykje meir saman med dei framover.

Men så var det stad då, Vågslid er flott med sitt "østlandsklima" og "høyfjellsfølelse", men det er langt å kjøre og etter 2 år med leige her oppe har me mange kollonneturar bak oss og me har snakk om at det hadde vore enklare med Seljestad eller Røldal til tross for at me ofte har sett at været er betydelig betre når ein kjem til Vågslid.

For å gjere ei lang vurdering kort har me no kjøpt denne, i våre auge, perfekt beliggande 60m2 leiligheten på Solfonn. 2 timar kjøring frå Stord og Haugesund og ikkje minst "kollonnefritt" gjer dette meir tilgjengelig. 10 minutt til Håradalen og flotte langrennsmuligheter på Seljestad passar oss midt i blinken. Bilen står i oppvarma garasje og det er berre å ta heisen ned frå leiligheten svippe innom boden over garasjen og ta med utstyret og kjøre til trekket om ein vil. Ingen av oss er alpinfantastar foreløpig i allefall så ski inn- og ut var ikkje viktig.

Solfonn har hatt ein trang fødsel, prisane er kraftig redusert som for dei fleste leilighetsprosjekter i fjellheimen, men konspetet er genialt for folk med dårlig tid. På Solfonn har dei tatt konseptet heilt ut med svømmebasseng, skøytebane og eit mindre skitrekk ved leilighetene, samt oppkjørte langrennsløyper som er kobla på dei øvrige løypene i området. Vår og haust er det flotte forhold for fotturar og fiske i fjellet.

LEILIGHETEN PÅ SOLFONN

Denne bloggen skal handle om turane våre til Solfonn og aktivitetane der. Bloggar er til for folk med samme interesser så kanskje det kan være greit for andre som vurderer leilighet å sjå korleis livet er på Solfonn, stay tuned isåfall:)

Det blir iallefall stor stas å overta leiligheten og få tilbrakt vinterferien der, det skal gå greit ser det ut til. Håpet er at me får heile veka der oppe og at det går ann å få gjort litt arbeid frå leiligheten, med berre 2 timar kjøring er det også enklare å kjøre litt til og fram av og til.