Storfamilien første helga med svigers, sameigarane. Det er supert for då får me muligheten til langtur så lørdagen bar det avgårde til Steinavatnet, ein heilt fantastisk tur i slikt ver, føttene krangla dessverre, men med rolig gange gjekk det fint utan varige men:)
Neste var på høgaste punkt ovanfor Steinavatnet, i år er det allerede kjørt løyper til Kyrkjenuten, men me starta for seint til den turen og kroppen spela ikkje på lag!
Morsdagen vart feira på restauranten, veldig kjekt å ha den, det vert ikkje så kostbart og er jo spesielt kjekt søndag når ein skal heim så ein slepp matlaging og oppvask og heller kan gå på ski lengre, eller komme seg litt tidlegare heim:)
I skrivande stund er det mandag kveld, heimekontor 8-13 og så akedag, grilling av pølser og bading
Vel, så får me sjå kva resten av veka bringer:)