lørdag 2. januar 2016

Jula 2015

Endelig vart det jul på fjellet! Me har snakka om det før og i år når det likevel var tida igjen til å feire med svigers (sameigarane våre) passa det fint å prøve julefeiring på Solfonn!

Det vart ein suksess, usedvanlig avslappende jul, sjølv med dårlig vær første del av jula og lite utetid gjekk det heilt fint. Svært nøgd med benken oppe som erstatning for to store skap samt nyfamilieseng med knallgode madrasser!


Før satt dei voksne nede og ungane oppe, no er det god plass til alle 6 oppe og stova oppe vart mykje meir brukt enn før! Kjekt med små endringar som fungerer:)


Me gjer ikkje ting enkelt, Teslaen er solgt og bilnr 2 er akkurat no vår einaste. Absolutt søklasta tok den oss til fjells ettermiddagen den 23.12, ved å ladet bra i Etne er det uproblematisk å kjøre opp til Solfonn sjølv med ein eldre Leaf!

2. Juledag kom finværet og me fekk ein flott tur opp mot Seljestadstølen

Litt overraskande for oss var det smekk full parkering på Kolrevoll skistadion, men me skjønna fort at det vart stort skistevne på gang:)