tirsdag 20. mai 2014

Då var 2. sesong over på Solfonn!

Også i år har me eller svigers brukt leiligheten eller me har vore der saman, nesten kvar helg! Me stortrives og ser at det fungerer veldig fint å ha med ein familie til så i år har me hatt mykje besøk, veldig kjekt!

Påsken var så sein som den kunne være og i mars tvilte me på at det kom til å vere snø der når det til tider pøsregna, men det kom mykje snø også og kom ein kuldeperiode før påske så snø var det meir enn nok av heile påsken og til ut i mai:)
Mykje grilling når godveret kom i Påsken og litt bålbrenning når vêret ikkje var så bra. Svært mykje vind i år og utrulig mykje kolonnekjøring som me heldigvis slepp unna på Seljestad! Tross dette har me vore mykje på ski, men også veldig mange turar i bassenget. Deilig å ligge å duppe der og sjå på snøkavet utanfor:)

Me glede oss til hausten!