onsdag 9. desember 2015

Hausten 2015!

Me har dessverre ikkje fått brukt leiligheten så mykje som ønska i haust, mykje seiling og hektiske helger med fotballturneringer gjer at ein ikkje rekk over alt!

Men me fekk ein fin haustferie på Solfonn med innlagt dugnad på lørdagen, alltid kjekt og ein fin måte å treffe dei andre leiligheta eigarane.

June fiska ei helg og me var oppe for nokre veker sidan og fekk prøvd skiene for første gang denne sesongen om enn på knallhardt føre!

I år skal me faktisk feire jul på Solfonn, samen med svigers som jo er medeigar  i leiligheten. Dette gjorde at det vart fortgang i div prosjekt me har snakka om ei stund. Først røyk TV benken til fordel for TV på veggen, det gav overraskande mykje ekstra plass oppe i TV stua som er litt liten om alle 6 skal sjå film feks. 

Me flytta dermed også skapene inn på soverommet og monterte ein IKEA benk der desse stod. Veldig nøgd med denne løsningen, med tre store skuffer har me også fått meir lagringsplass i tillegg.
Ulempen er mindre plass på soverommet, men der er ikkje bruk for voldsomt med gulvplass, mykje betre å få ekstra plass i oppholdsrommen. 

Men då måtte me også få gjort noko med sengene sidan det til no har stått kunne ei dobbeltseng der og dermed har me fylt golvet med madrasser når alle er  i leiligheten samtidig.

Me kjøpte ei Bjorli seng frå Fagmøblar i Sauda, dei leverte den ved heisen ein søndagskveld så betre service kunne ein ikkje fått, uten bil med henger er det vanskelig å styre med større ommøbleringer på fjellet, enn dette vart absolutt godkjent:)