lørdag 17. januar 2015

Ekstreme snømengder!

Eg hadde aldri drømt om at me nokon gong skulle få så mykje snø på terrassen at me mista utsikten, men slik er det altså no.
Varmematta har slått ut igjen, men ville nok uansett slitt med slike mengder.
Her er bilde nede på bakken mellom trinn 1 og 2!
Me kom oss greit opp på fredagen, men det var nær null sikt frå Rullestadtunellen til Solfonn. Når me kom opp såg med Politiet advarte mot å kjøra her og så vart det stengt! Ganske uvanlig, har aldri sett at det har vore stengt frå Fjæra før! No søndag morgon etter 25 lengder i bassenget, er det fortsatt stengt!