søndag 26. mars 2017

Langhelg med venner!

Denne helga hadde me besøk i vår leilighet og 2 andre vennerpar hadde leigd kvar sin leilighet. 

Me har inntrykk av at det har bredt om seg med utleige på Solfonn. Det er pluss og minus med det, men anlegget må nyttast for at eigarane skal kunne forsvare investeringen så me må sjå positivt på det. Det er meste i bassenget me ser at det no er mange som nytte anlegget i helgane som er folk me ikkje har sett før og dermed antar eg det er leigetakeren! Flott tenker eg, stor sett:) Me har sjølv vurdert utleige om det blir færre turar ein periode framover medan ungar er opptatt på anna hold i helgane, men ikkje lagt det ut enda iallefall!

Vel, tilbake til "hyttebok" som denne bloggen er for oss:)

Me reiste opp torsdagen, berre 4 dagar sidan me reiste ned sist!

Ingen problem med motivasjonen hos den yngregarde når kompisane også kjem på fjellet:) Litt gråvær fredag og lørdag, men det var mange timer med aking og snøhulebygging og sikkert nesten like mange timar i bassenget:)

Lørdagen var eg og eldstemann og den eine familien i Røldal. Flatt lys i starten, men det vart ganske bra og mykje bedre enn meldt, men 2 timars kort er heilt ok, ingen av oss er heilt hekta på alpint.

Med 4 familier blir det altfor liten plass til å møtast i leiligheten så det var grilling ute etter turen i Røldal og veret klarna opp og solbrillene måtte fram. Fantastisk kjekt å være ein slik gjeng på fjellet og ungar som ikkje vil inn er musikk:)
Søndagen vart fantastisk, svetten silte på veg opp mot Oddavarden, 6-8 grader stilt og sol. Skikkelig påskestemning!

No får me berre håpe at ikkje det varme været kommande veke tar all snø før påsken!

Helgetur... igjen

Ja, sesongen går fort no og det gjeld å nytte tida. Ein utfordring som nok enkelt kjenner seg igjen i er ungar som vil gjere andre ting, som feks å vere heime med kompisar:) Dermed har det ikkje vore så mange turar i år, men me er nok likevel av dei som nyttar leiligheten mykje. 
Etter vinterferien var me ei veke heime, men helga etter frista det for mykje tross langt fra perfekte meldingar. Ungane får friare tøyler og me deler oss heller enn å presse dei ut på tur, berre dei kjem seg ut i snøen så er me nøgde når det blir såpass ofte til fjells.

Bassenget er redningen i slike perioder og benyttes meget flittig av våre to!
Bra med snø møtte oss på terrassen, flott, me treng snø no når Påsken er så sein som i år!

Varmematta me har for å tine snø slik at me kjem oss ut på terrassen har fungert fint i år, me var berre for seine å legge den ut før jul så dermed vart det også i år klatring i stige frå 3. etg for å komme opp på terrassen vår i 4. etg. Ein kan vel innrømme at det ikkje er 100% ihht HMS kravene;)

Flott helg igjen, kvar vår tur til Oddavarden som er ein fin treningstur, 360 høydemeter og ca 1,5 time totalt er ei passe økt for min del, fruen stikk normalt innom Steinavatnet;)

søndag 19. mars 2017

Voksentur!

Siste del av vinterferien var ungane invitert med til London av besteforeldre! Fantastisk sjølvsagt, tross mykje å gjere heime med riving av garasje tok me ein fredag til lørdagstur. Kjekt at det ikkje er så langt å kjøre at slikt går ann av og til!

Supre forhold på Korlevoll fredagen til test av skøyteskiene, første gang på eit år. Gøy, men sinnsjukt sliktsomt:)

Lørdagen var det meldt ein del vind, men det var heilt stille når me starta kl 10, først til Oddavarden i knallver, fortsatt heilt stille, så Steinavatnet. Litt trekk, men langt frå så mykje som yr meldte om:) Men det var veldig kaldt, men fantstisk fint på toppen over vatnet 
IPhonen kubba som vanlig pga kulden så ingen bilder derfrå. På veg ned gjekk me mot Seljestadstølen og ned til hovedvegen og videre ned løypene til Løyning. Veldig flotte løyper som feks egnar seg i mykje vind, men litt bratt  er det! 

Rett før Seljestad mista eg eine trinsa til staven, innser at litt reservedeler bør være med i sekken, du blir ganske hjelpeløs utan trinse som er ein snø sak å fikse om du har delene...

25,5 km på 4 timar så bedagelig tempo, men flott tur!

Rett

Vinterferie!

Endelig vinterferie og nokre dagar ekstra her oppe, skiftande forhold denne vinterferien. Men nok snø og fine forhold
Fristar med lengre turar enn løypenettet, men krev litt kunnskap og bedre utstyr enn me har...

Ny trasé ned mot Lontjørn, ryktes at siste del skal utbedres til neste sesong, det blir isåfall veldig bra då dagens løype ned til Lontjørn er litt bratt for kids og eldre samt at den krev mykje snø!


Søndagen var det akedag på Vågsli hos gode venner, kjekt for store og små. Leafen (30 kWh) klarte seg fint tur/retur, men det hadde blitt behov for å lade i Røldal påveg tilbake om me ikkje hadde fått lada litt i Røldal, lada 15% der og kom tilbake til Solfonn med 20%