Etter vinterferien var me ei veke heime, men helga etter frista det for mykje tross langt fra perfekte meldingar. Ungane får friare tøyler og me deler oss heller enn å presse dei ut på tur, berre dei kjem seg ut i snøen så er me nøgde når det blir såpass ofte til fjells.
Varmematta me har for å tine snø slik at me kjem oss ut på terrassen har fungert fint i år, me var berre for seine å legge den ut før jul så dermed vart det også i år klatring i stige frå 3. etg for å komme opp på terrassen vår i 4. etg. Ein kan vel innrømme at det ikkje er 100% ihht HMS kravene;)
Flott helg igjen, kvar vår tur til Oddavarden som er ein fin treningstur, 360 høydemeter og ca 1,5 time totalt er ei passe økt for min del, fruen stikk normalt innom Steinavatnet;)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar