lørdag 23. mars 2013

Påskestart

Nydeleg påskevær på Solfonn, men fyrst morgonbad med tre ivrige karar, som vanlig, naboguten er med denne helga.

Så langrennstur opp mot Seljestad Stølen i dag, tross perfekt vær er det kaldt så me jobba for å finne ein plass unna den svake, men kalde trekken. Me fann ein perfekt plass i ei helling, der me grilla pølser, koka kaffi og kakao på bålet samt sjølvsagt steikte vaflar på gassapparatet:)

Langtidsvarslet viser at det blir kongever heile påsken, nokon må heim å jobbe, eg jobbar frå leiligheten med ungane her, skal bli interessant:) før det blir "skikkelig" påske:)

søndag 17. mars 2013

Helg nr 2 på fjellet


Helga etter vinterferien satte me igjen kursen mot Solfonn, fredag kveld. June hadde eit arrangement med jobben på kvelden, men med berre 2 timar kjøring går det fint å drøye avgangen litt. Svigers var på plass så me kom til varm og god leilighet! Det var sjølvsagt rett i badstu med ei pils på meg!

Erfaringa til no er udelt positiv, me var jo mest klar for leilighet på Vågslid, men ser no at dette passar veldig bra for både oss og våre medeigara. Kort reiseveg, bassenget og flotte langrennsløyper samt flotte forhold i Røldal skitrekk gir oss det me treng i massevis og med kortare reiseveg som vil gjere det lettare å bruke.

Lørdagen starta med morgonbad i bassenget før frokost, etter frokost vart det langrennstur mot Seljestadstølen. Det tok tid med minstemann, men han er blitt veldig flink til å berre vere 5 år, stor framgong i skiløypa, spesielt nedover går det no unna! Eldstemann på 10 har også fått sikkelig taket på fiskebeina og går lett lengre strekk no.

Eg og Amund var innom stølen, men det skya over og kom vind og det vart dermed surt å stoppe så me fann oss ein skavl lengre nede der me fyrte primusen og fekk prøve det nye vaffeljernet, perfekt. Ferske vafla på tur i 10 minus var stort:)

Søndagen tok me turen til Røldal, flott vêr, men kaldt. Me gav oss kl 1430 og satte kursen mot svigermors middag på Solfonn. Deilig å kunne drøye det på søndagen, men 1730 er litt sein anmarsj, men me rakk leggetida så dermed går det. Sist søndag kjørte me fyrst kl 19, DET er for seint:)


No gleder me oss til Påske, målet var også å ta turen forrige helg, men me fann ut at me hadde vore meir på Solfonn enn heime sidan me overtok så me fann ut at me ikkje burde overdrive så er me ekstra klar til Påsken der eg og unganen blir heile påsken, medan June igjen må ned å jobbe dei 3 dagane før sjølve påsken. Eg tar det som er nødvendig frå heimekontor... Onsdag er det tur til Ikea for å kjøpe kontorpult:)

torsdag 7. mars 2013

Overtakelse og vinterferie!

Den 22. februar var endelig dagen for overtakelse av leiligheten på Solfonn kommen og det var også starten på vår 9 dagar lange vinterferie.

Ingen overraskelser med leiligheten, den er som ny, alt fungerer og me er fortsatt veldig fornøgd. Fyrste inntrykket på visningen var at 60m2 er lite, men me såg raskt at det ikkje er tilfelle, det fungerte til og med veldig greit med 8 stk. Sidan den er fult møblert er det svært lite me har gjort til no, men ein TV i allrommet nede måtte til for å bevare husfreden:) Litt røyte med 60m2 og to 42 tommers TVar, men, men... Meir her om leiligheten om nokon skulle vere interessert LEILIGHET

Me fekk ein kick-start på fjell-livet med eit heilt fantastisk vèr, 7 av 9 dagar var nermast skyfrie og nermast utan vind. Det vart faktisk berre ein tur til Håradalen, litt tilfeldig, me vil nok stå meir der framover, men i slikt ver trives me alle svært godt på langrenn sjølv om begge karane e typisk sprintutøvarar, flott driv ein knapp kilometer og så blir det laaang stopp med bål og kos, men slik skal det vere. Det er eit av høgdepunkta for oss voksne også så får dei lengre turane tas inn i mellom utan barn pt.

Me fekk mykje besøk i vinterferien, veldig trivelig og kjekt å sjå at leiligheten fungere fint også då, det var det store ankepunkt på det me hadde på Vågslid, det er noko eget med besøk når ein er på fjellet, me er langt frå så avhengige av det når me er på seiltur...

Ole Jacob m/fam kom søndag til mandag, veldig kjekt som alltid! Nokre timar etter at dei for kom mamma og pappa og vart til onsdag. June måtte på jobb mandag til onsdag så me hadde begge bilane, ho drøya til mandag morgon før ho kjørte, det går når det berre er to timars kjøring til Stord. Onsdag kveld svippa Johnny m/fam innom for å sjå på leiligheten før dei fortsatte til Akerhytta på Vågslid.

Tirsdagen tok mamma og pappa ungane og eg tok forlot leirbålet opp i skogen ved Korlevoll og lappa heseblesande opp over på måfå i dei mange skiløypene. Rart kor sliten ein blir av skigåing, det er ikkje slik på sykkel, det må vere noko med teknikken:) Måle på tirsdagen var å gå ned til Solfonn, men eg havna på Oddavarden fyrst, heilt vindstille på 938 moh var magisk med den fantastiske utsikten ned mot Odda og fjella rundt. Turen ned til Solfonn gjekk forsåvidt greit, men veldig greit å hatt fjellskiene, eg hadde berre dei smale og altfor raske langrennskiene mine. Det vart longt ned og eg innsåg at eg hadde valgt feil fjellrygg ned mot Solfonn, men eg kom ned til vegen til slutt og gjekk ned til løypene igjen før eg fekk gått på ski den siste kilomteren heim til Solfonn.

Onsdagen kom rosina i pølsa, veret skulle bli dårligare på torsdagen og med velvillige foreldre, igjen kjørte dei meg til Håradalen, eg tok heisane til topps og gjekk tilbake til Solfonn, 17,4 km, ned rett fjellrygg denne gongen:) Turen var heilt fantastisk i dette veret, det blås kuling på toppen, men det vart heilt vindstille berre litt lengre nede og det var reine påskestemningen, eg traff ingen på turen frå Røldal til SeljestadStølen, heilt utrulig, einaste livsteikn var ein mobiltelefon eg fann i løypa som eg på torsdagen overlevert til ei dame i Odda når me var nede å kjøpte TVen, den meinte ho var verd 2 flasker vin, det var minst ei for mykje:)

Vel, ellers vart det småturar og ein kveldstur, eg innser at formen er dårlig igjen etter at eg var på stigande formkurve i haust, men det skal nok bli betre.

Utan om skigåing vart det MYKJE bading i bassenget, me var der stort sett både morgon og kveld, til og med fredagen då eg hadde heimekontor hadde eg morgonbad kl. 0630, luksus:)

I skrivande stund er det torsdag 7. mars og i morgon sett me kursen til fjells igjen, saman med mine sameigande svigerforeldre våre frå Haugesund!