lørdag 15. februar 2014

Besøk frå Horten

Østlendingene har vinterferie og dermed passa det flott å møte slektninger på Solfonn og så kan dei låne leiligheten nokre dagar i neste veke.

Veldig friskt vind i natt, taket på skiboden løsna og laga eit fantastisk spetakkel. 

Problemet med at terrassedøra ikkje kan opnast når det har snødd mykje håpar me er løyst med dette produktet frå Isfritt.no. Supert at det er stikk på terrassen. Varmeplata på 25*70 cm trekk berre 80 watt og er konstruert for å stå på år ut og år inn. Kontakten har egen jordfeilbryter og dermed skal dette bære veldig trygt samt ikkje slå ut sikringen i leiligheten OM den sviktar 

mandag 10. februar 2014

Tredje turen i år

Ny flott helg på Solfonn. Amund hadde med seg kompis Benjamin denne helga så me vart totalt 7, med svigers, men det går fint.

Langrenn på Korlevoll lørdag, så snowboard utanfor leiligheten før det var tid for bading

Eit slit å komma seg opp her, men kjekt ned igjen:)

Ola i farta, for første gang, veldig flink:)

Neste helg får me besøk fra østlandet så berre nokre dagar på jobb og så opp igjen:) Talte til 47 bilar i garasjen lørdag kveld så interessen for anlegget har tatt seg veldig opp:)

Ny fjelltur i frisk vind!

Ein av dei fine tinga med Solfonn og Seljestad er at ein ikkje treng sjekke ver og vegmeldinger før ein legg ut. 

Denne helga var det verkelig mykje vind og Haukeli stengde søndag og opna ikkje før tirsdag kveld for kolonnekjøring.

Me merka vinden godt på Korlevoll og prøvde derfor Lonntjørn for første gong, her var det lunt og fint og me var her både lørdag og søndag. Søndagen var det tildels fint ver! Nokre vindrosser nådde der også, men veldig kjekk plass med skøyte løyper inni skogen, mange ivrige som trenar her.


Bra med snø på terrassen 
For ein glede:)


mandag 3. februar 2014

Badenymfer til fjells!

Dårlig ver i midten av januar satte ingen stopper for fjelltur. Bassenget stod endelig klart til bruk igjen. Fredag kveld bar det rett i bassenget når me kom opp og i iveren vart det faktisk i alt 5 turar i løpet av helga. 

Lørdagen var me ein kort tur på Korlevoll. Amund fekk prøve sine nye skøyteski og motivasjonen for å komme seg på ski var større enn nokon gong, veldig flink, men det krever kondis skøyte så her må det meir trening til...:)
Søndagen tok me akedag ved leilighetene, veldig kjekt, men deilig å tine seg opp igjen i bassenget etterpå