lørdag 28. januar 2017

Første vintertur!

Endelig ferdig med årsoppgjør og fine forhold på fjellet. Kjekk helg (2. helga i Januar) der eg og eldstemann stod på slalom og dei andre på langrenn. Rimelig kjølig, men kjekt etter gamalt, me har ikkje pleid å stå mykje på alpint, men med tenåring i huset vert det nok meir av dette framover! 

Lærte at så tidlig i sesongen så bør ein være i trekket tidlig då det vert veldig kaldt når sola går ned. 3 timar var meir enn nok!
Søndagen vart det for kaldt til å gå på ski så me fyrte derfor heller opp ved leiligheten. -15 grader, men knallvær

Sesongen 2016-2017

Litt slapp på bloggfronten i det siste, ikkje mindre interesse for fjellet og Solfonn.

Hektisk høst gjorde at det ikkje vart så mange turar som me skulle ønska, men eit par turar før høstferien samt ein flott tur i høstferien blei det tross alt tid til. Ein overnatting i ferien også på veg heim frå Oslo. 

Her er bilder frå haustferien samt i Sept når eg henta ventebilen vår som skal gjere susen fram til det vert to elbilar igjen i Mars/April!