torsdag 14. april 2016

Kyrkjenuten, igjen!

Mennesket er slik laga at me gløymer fort, så to veker etter Påske og forrige Kyrkjenut-tur stakk eg og June til fjells igjen seint lørdag kveld, med barnepass på Stord. Søndag morgon kl 09 var me avgårde igjen.

Løypeselskapet rapporterte om løyper til Nuten og at det var siste gang for sesongen. Med løyper valde me tynne langrennski, mange går med feller og fjellski opp der. Det kan absolutt vere fornuftig!

Fantastiske forhold igjen, men steinharde løyper gjorde at me gjekk utanfor løypene heile vegen!

Uansett ein utrulig tur igjen!
 
Påsketuren har samme bilder som her då telefonen min vart for kald då til å ta bilder:)

Påsken 2016

Det har vore fleire turar etter Vinterferien, men eg rekk ikkje å blogge kvar gong:)

Første del av påsken var flott i år, om enn ikkje fult så bra som dei siste årene! 

Palmesøndagen gjekk me frå leiligheten til Oddavarden med ungane, me har valgt å ikkje pushe for hardt på lengre turar med dei, men til Oddavarden gjekk det veldig fint også for Ola på 9, men det er greit å vere klar over at det er bratt i starten frå Solfonn!
Litt jobbing medan ungane var igjen på fjellet med svigers, våre medeigarar på leiligheten, passa veldig bra så fekk me tapetsert gangen heime samtidig:)

Onsdag før Skjærtorsdag var meldingane perfekt og me to voksne skulle endelig prøve oss på den berykta og sagnomsuste Kyrkjenuten, 1000 høyde meter frå Solfonn og 40 km tur-retur er noko heilt anna enn våre lengste turar tidlegare som ofte har vore til Steinavatnet
Eg må innrømme at det var tyngre enn forventa, men for ei åpenbaring når ein kjem opp. Dagen var perfekt og me satt der oppe i ein time før me gjekk ned igjen, 1602 moh.

Resten av påsken vart værmessig ikkje så bra, men ikkje veldig dårlig heller før 1. og 2. påskedag. Med besøk av søster og onkelbarn på 21 samt to vennefamilier i kvar sin leigde leilighet vart det ein super påske veldig sosial samtidig som det ikkje vart for mykje av det gode, så det er veldig flott at det er nokre leiligheter til ok pris å få leigd her oppe om ein vil ha med seg mange, men me har relativt ofte med oss ein familie i vår 60 m2 leilighet, det går fint ei helg, men ikkje ein påske:)

Det vart sjølvsagt tid til ein dag i bakken i Røldal og ikkje minst den årevise akekonkurransen på Solfonn:) Veldig kjekt og underteikna stilte sjølvsagt i oldboys klassen, men rant dessverre utfor løypa etter ein god start:)