søndag 18. august 2013

Sesongstart!

Etter Påske kom våren fort med hage og båtliv på menyen så me har ikkje vore innom sidan me forlot leiligheten i ved endt Påske. Me var derfor veldig klare for ein ny tur, sjølv om båtsesongen langt fra er over og bassenget me brukte så flittig er tappa ned for reparasjonar. 

Fredag kveld fekk me besøk av venner som har kjøpt leilighet i Røldal, dei skulle sprekt nok sykle til Sauda dagen etter. Me hadde derimot mål om å få fisk. Lite info på nettet om gode plassar (slikt held vel folk for seg sjølv;)) gjorde at me la ut litt på måfå. 

Først måtte me få oss kart for det me hadde var ikkje over nærområdet, Seljestad ligg i hjørnet av karta og ein må derfor ha fleire kart for å vere dekka. Men Norge-serien appen var perfekt så me gjekk etter den når det viste seg at Joker Skarsmo ikkje hadde rett kart.

Føret la me ut på gml veien til Røldal, spektakulær tur, veldig spesielt å kjøre der me står på ski om vinteren i metervis med snø, men ingen fisk.

Me søkte nedover mot Solfonn igjen og gjekk til Røldalstjørni. De fekk me ein 2 hektos, stor stas:)


Sykkelen var tatt med, i kartet hadde eg funne ut at Valldalsvatnet måtte vere fin å sykle ved med bilveg alle dei 15 km langs vatnet. Eg hoppa av ved innkjøringa frå E-134, dei andre kjørte inn eit stykke innover langs vatnet for å fiske meir. Flott å sykle her, men turen vart lang, 34,7 km hadde eg sykla når eg var tilbake 2 timar seinare der eg starta. Eg sykla først inn til botn av vatnet, så opp til Mittdalsbu. Det var tungt opp, men flott å sykle. Fantastisk natur, heimover vart det tungt med kuling og iskaldt regn midt i trynet...:) 

Heile vegen heim drøymde eg om dette:) Rett heim og i saunaen! 


Søndagen var et øspøs, men ein kort tur for å gjere oss kjend tok me. Rett ovanfor leilighetene finn me dette kvernhuset...


Me fann fort ut at det er betydelig lettare å gå opp over til fots enn på ski i djup snø som i vinter. 

Ola på 5 spratt oppover som ein lek, men me måtte heim og i selskap. Super tur og det fristar å komme seg oppover i gjen så snart sjansen byr seg:)



Påsken!

Me fekk ein fantastisk påske på Solfonn. Perfekte forhold, nydelig vær og lange dagar, stortsett på langrenn frå Korlevoll. Her er eit mylder av fine løyper, Seljestadstølen er maks strekke me har lagt ut på med ungane, men me voksne har hatt lengre turar til Oddavarden og me har også tatt trekke opp i Røldal og gått tilbake til Solfonn. Uansett, her er løyper for ein kvar smak, med mykje bålbrenning og kos!

Mange timar på fjellet krev at ein kan jobbe litt inni mellom, det går fint. Betre utsikt frå kontoret skal du leite lenge etter:)

Typisk god dag i løypa, kort tur og mykje bålbrenning og pølsespidding:)

Slalomkonkurranse for ungane i Håradalen, Amund er stolt deltaker med Kvik Lunch i premie:)