søndag 13. oktober 2013

Høstferie!

Onsdag 9. oktober satte me kurs mot Solfonn igjen, endelig eit par dagar ekstra. Torsdagen vart det litt jobbing på morgonen før me fekk satt kurs mot Eidfjord og Hardanger Natursenter
Her var det mykje kjekt å sjå, mange stader ein får lyst til å oppsøke i fjellheimen. Ivo Caprino filmen frå Hardanger e fortsatt fantastisk, filma og vist med 5 kamera satt i system. Snakk om magasug når helikoptere stuper nedover fjellsidene!

Etterpå måtte me opp Måbødalen og kikke på Vøringsfossen i det fine været før me kjørte tebake!
Fredagen dukka det mykje hastesaker opp frå jobb og eg vart ikkje ferdig før kl 14, dermed vart det berre ein kort tur langs Løyningsvatnet, men flott tur det og neste gang ska me gå lengre og bli meir kjende. Seinare på ettermiddagen tok eg sykkelen og utforska nærområdet. Turen gjekk nedover gml vegen mot Odda, forbi Utsikten hotell, gjennom skogen og ned te Lothevatnet. Eit stykke innover snudde eg for å rekke heim til 1830 som avtalt, men innover her er det fint å sykle!
Lørdagen var det duka for dugnad, trivelig å møte naboar som du ellers berre treff i garasjen i forbifarten. Svigers kom fredagen så me stilte mannsterke, ungane var også ivrige, iallefall fram til mat kl 13:)

Det vart ein aktiv høstferie, søndag formiddag kjørte me til Buerdalen og gjekk eit stykke opp mot breen! Kjempeflott, ogsp her skal me tilbake med meir tid slik at me iallefall får gått til breekanten!
Vakkert og veldig artig med alle vardane folk hadde laga langs elveleie
Som om ikkje det var nok vart det også tid til sykkeltur på søndagen, eg kasta meg avgårde kl 15, tok bilen til Korlevoll og sykla traktorvegen opp forbi Seljestad stølen og videre mot Korkavatnet. Det vart myrete til slutt så eg snudde, men eg har tru på at det kan gå å sykle meir lengre oppe om ein har tid og ork til å bære/trille sykkelen litt. Kanongøy tur ned igjen! Då ser ein at det var vore nokre harde bakkar oppover:)

Vel, nok ein knalltur til Solfonn og Seljestad. Her er eit mangfold av muligheter, no saknar me berre drift i bassenget igjen, så er alt perfekt:)