lørdag 22. november 2014

Nysnø på Korlevoll!

Deilig å sjå på web-camera til Seljestad- og Røldal Løypeselskap (www.sorls.no) at det er kommen snø på Korlevoll stadion:

Me gled oss til neste helg når me igjen har funne tid til å reise opp på Solfonn:) Satsar på at det finnes skiløyper då der me kan ta sesongens første skitak:)

Det blir også spennande med den nye traseen til Solfonn som no er laga, me ser verkelig fram til dette etter ein del turar opp og ned tidlegare som kanskje har vore i tøffaste laget reint skiteknisk for ein vestlenning:)
Bilder er tatt av SORLS

lørdag 15. november 2014

Ladepunkt i garasjen!


Det er kanskje nokon som lurer på kvifor det ikkje er etablert eit felles ladepunkt i vår felles garasje på Solfonn!? Nokon lurer kanskje også på korleis dette blir betalt. Det framstår ofte i media som at elbilister får alt gratis, men det er sjølvsagt ingen kostnad påført sameige i denne forbindelse.
 
Underteikna har forsøkt i ca 1 år å få ein offentlig ladeplass på Seljestad, men dessverre låg det allerede planer for ein ladestasjon i Røldal så inntil videre er det langt fram til eit offentlig punkt på Seljestad er eg redd, men det vil nok komme før eller seinare. 
Når dette initiativet stranda, prøvde eg å overbevise eigarane av den kommande restauranten på Solfonn at dei burde tilby eit ladepunkt og eg skaffa også midler til utstyr og montering, men det er vanskeleg å finne ein parkeringsplass ein ynskjer å reservere til slikt. Underteikna har saman med styret også vurdert å avsette ein plass til felles lading i garasjeanlegget, men det er rett og slett ikkje plass, alle plassar er delt ut til dei enkelte leilighetene, einaste mulighet var av-og pålessingsplassen og det blir heilt feil å beslaglegge den.
 
Dei som har hatt ønske om ladepunkt har derfor kosta dette på egne parkeringsplasser, dette er sjølvsagt veldig praktisk for den enkelte eigar, men det er ikkje den beste løysing for sameiget på sikt.
Det er også veldig kostbart for den enkelte eigar, vårt punkt kosta 12.500, då det er ein del jobb samt kostbart å få elektrikker frå Odda, videre er er det lange strekk med kabling samt egen målere pr uttak så sjølve utstyret er også dyrt. Målarane står inne i el.rommet og vil bli avlest av styret. Eigarene vil jevnlig bli belasta for straumbruken, sjølvsagt! Av den grunn at det er såpass kostpart og det også er reserverte plassar har me valgt å låse punktene for å unngå at folk som ikkje kjenner til opplegget parkerer på plassane våre.
 
Det er likvel sjølvsagt for meg å hjelpe til om nokon treng lading ein gong i blant, f.eks om ein har venner på besøk som kjører elbil. Det er berre å ringe 91 68 95 93 så finn me ei løysing. Treng ein lading permanent så må ein inntil videre få samme løsning som oss, men ta gjerne kontakt om ein er interessert i uttak i garasjen så kan eg vere behjelpelig med å finne beste løysing:)
 
 
 
 
 
 

Ny sesong

Mellom Påske og Haustferie er det andre aktiviteter som står på agendaen, men no e det midt i november og me har allerede vår 6. tur! To av turane har dog kun vore for å sjå om leiligheten og litt lading på veg til/fra østlandet.

Første overnattingstur i haust var i August for å fiske, lørdagen prøvde me oss opp ved Reinsnos, køyrde heilt inn, kjøpte fiskekort hos bonden i botn av Reinsnos vatnet og la i ve mot Svartavatnet, dårlig fiske, men fin tur!

I fjor hadde me ein veldig flott telttur og me har snakka om å gjenta suksessen sidan den gong. Men mange aktiviteter, div regattaer og andre ting gjorde at me måtte velge ei helg med litt dårlige vermeldingar, men me la i veg mot Nyastølsvatnet saman med venner, fint lørdagen, flott fiske, sjukt mykje regn om natta, det var deilig å varme seg opp igjen i bassenget søndagen før mer reiste heim:)

Haustferien 
Me reiste opp onsdagen, dessverre vart Ola sjuk så det blei ikkje så mange turane, eg tok ein sykkeltur innover mot Trolltunga, ikkje den optimale plass å sykle, men kjekk tur likevel:)
Lørdagen i Haustferien var det dugnad, ein fin måte å bli kjent med naboane på Solfonn og kjekt å få bidratt litt til at det er fint utanfor dørane, ikkje mykje som skal til for å utgjere stor forskjell:)

Østfoldtur
Ein guttetur til østlandet når June var i Spaina på jentetur blei det tid til, på søndagen måtte me berre ha ett "badestopp" på vei heim

Siste tur til no er 14.-16.nov, eg og eldstemann Amund tok turen, det er jo så enkelt å kjøre opp her, me sett oss i bilen kl 17 og stoppar å handle i Etne, likevel er me parkert i garasjen kl 1930. Rett i bassenget før pizza og fyr i peisen:)
I dg lørdag gjekk turen til Seljestad stølane. No kan det komme snø sjølv om det var ein fin tur utan. Som alltid var det pølser og sjokolade i sekken:)