lørdag 15. november 2014

Ladepunkt i garasjen!


Det er kanskje nokon som lurer på kvifor det ikkje er etablert eit felles ladepunkt i vår felles garasje på Solfonn!? Nokon lurer kanskje også på korleis dette blir betalt. Det framstår ofte i media som at elbilister får alt gratis, men det er sjølvsagt ingen kostnad påført sameige i denne forbindelse.
 
Underteikna har forsøkt i ca 1 år å få ein offentlig ladeplass på Seljestad, men dessverre låg det allerede planer for ein ladestasjon i Røldal så inntil videre er det langt fram til eit offentlig punkt på Seljestad er eg redd, men det vil nok komme før eller seinare. 
Når dette initiativet stranda, prøvde eg å overbevise eigarane av den kommande restauranten på Solfonn at dei burde tilby eit ladepunkt og eg skaffa også midler til utstyr og montering, men det er vanskeleg å finne ein parkeringsplass ein ynskjer å reservere til slikt. Underteikna har saman med styret også vurdert å avsette ein plass til felles lading i garasjeanlegget, men det er rett og slett ikkje plass, alle plassar er delt ut til dei enkelte leilighetene, einaste mulighet var av-og pålessingsplassen og det blir heilt feil å beslaglegge den.
 
Dei som har hatt ønske om ladepunkt har derfor kosta dette på egne parkeringsplasser, dette er sjølvsagt veldig praktisk for den enkelte eigar, men det er ikkje den beste løysing for sameiget på sikt.
Det er også veldig kostbart for den enkelte eigar, vårt punkt kosta 12.500, då det er ein del jobb samt kostbart å få elektrikker frå Odda, videre er er det lange strekk med kabling samt egen målere pr uttak så sjølve utstyret er også dyrt. Målarane står inne i el.rommet og vil bli avlest av styret. Eigarene vil jevnlig bli belasta for straumbruken, sjølvsagt! Av den grunn at det er såpass kostpart og det også er reserverte plassar har me valgt å låse punktene for å unngå at folk som ikkje kjenner til opplegget parkerer på plassane våre.
 
Det er likvel sjølvsagt for meg å hjelpe til om nokon treng lading ein gong i blant, f.eks om ein har venner på besøk som kjører elbil. Det er berre å ringe 91 68 95 93 så finn me ei løysing. Treng ein lading permanent så må ein inntil videre få samme løsning som oss, men ta gjerne kontakt om ein er interessert i uttak i garasjen så kan eg vere behjelpelig med å finne beste løysing:)
 
 
 
 
 
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar