Første overnattingstur i haust var i August for å fiske, lørdagen prøvde me oss opp ved Reinsnos, køyrde heilt inn, kjøpte fiskekort hos bonden i botn av Reinsnos vatnet og la i ve mot Svartavatnet, dårlig fiske, men fin tur!
I fjor hadde me ein veldig flott telttur og me har snakka om å gjenta suksessen sidan den gong. Men mange aktiviteter, div regattaer og andre ting gjorde at me måtte velge ei helg med litt dårlige vermeldingar, men me la i veg mot Nyastølsvatnet saman med venner, fint lørdagen, flott fiske, sjukt mykje regn om natta, det var deilig å varme seg opp igjen i bassenget søndagen før mer reiste heim:)
Haustferien
Me reiste opp onsdagen, dessverre vart Ola sjuk så det blei ikkje så mange turane, eg tok ein sykkeltur innover mot Trolltunga, ikkje den optimale plass å sykle, men kjekk tur likevel:)
Lørdagen i Haustferien var det dugnad, ein fin måte å bli kjent med naboane på Solfonn og kjekt å få bidratt litt til at det er fint utanfor dørane, ikkje mykje som skal til for å utgjere stor forskjell:)
Østfoldtur
Ein guttetur til østlandet når June var i Spaina på jentetur blei det tid til, på søndagen måtte me berre ha ett "badestopp" på vei heim
Siste tur til no er 14.-16.nov, eg og eldstemann Amund tok turen, det er jo så enkelt å kjøre opp her, me sett oss i bilen kl 17 og stoppar å handle i Etne, likevel er me parkert i garasjen kl 1930. Rett i bassenget før pizza og fyr i peisen:)
I dg lørdag gjekk turen til Seljestad stølane. No kan det komme snø sjølv om det var ein fin tur utan. Som alltid var det pølser og sjokolade i sekken:)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar