Helga etter vinterferien satte me igjen kursen mot Solfonn, fredag kveld. June hadde eit arrangement med jobben på kvelden, men med berre 2 timar kjøring går det fint å drøye avgangen litt. Svigers var på plass så me kom til varm og god leilighet! Det var sjølvsagt rett i badstu med ei pils på meg!
Erfaringa til no er udelt positiv, me var jo mest klar for leilighet på Vågslid, men ser no at dette passar veldig bra for både oss og våre medeigara. Kort reiseveg, bassenget og flotte langrennsløyper samt flotte forhold i Røldal skitrekk gir oss det me treng i massevis og med kortare reiseveg som vil gjere det lettare å bruke.
Lørdagen starta med morgonbad i bassenget før frokost, etter frokost vart det langrennstur mot Seljestadstølen. Det tok tid med minstemann, men han er blitt veldig flink til å berre vere 5 år, stor framgong i skiløypa, spesielt nedover går det no unna! Eldstemann på 10 har også fått sikkelig taket på fiskebeina og går lett lengre strekk no.
Eg og Amund var innom stølen, men det skya over og kom vind og det vart dermed surt å stoppe så me fann oss ein skavl lengre nede der me fyrte primusen og fekk prøve det nye vaffeljernet, perfekt. Ferske vafla på tur i 10 minus var stort:)
Søndagen tok me turen til Røldal, flott vêr, men kaldt. Me gav oss kl 1430 og satte kursen mot svigermors middag på Solfonn. Deilig å kunne drøye det på søndagen, men 1730 er litt sein anmarsj, men me rakk leggetida så dermed går det. Sist søndag kjørte me fyrst kl 19, DET er for seint:)
No gleder me oss til Påske, målet var også å ta turen forrige helg, men me fann ut at me hadde vore meir på Solfonn enn heime sidan me overtok så me fann ut at me ikkje burde overdrive så er me ekstra klar til Påsken der eg og unganen blir heile påsken, medan June igjen må ned å jobbe dei 3 dagane før sjølve påsken. Eg tar det som er nødvendig frå heimekontor... Onsdag er det tur til Ikea for å kjøpe kontorpult:)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar