søndag 19. mars 2017

Voksentur!

Siste del av vinterferien var ungane invitert med til London av besteforeldre! Fantastisk sjølvsagt, tross mykje å gjere heime med riving av garasje tok me ein fredag til lørdagstur. Kjekt at det ikkje er så langt å kjøre at slikt går ann av og til!

Supre forhold på Korlevoll fredagen til test av skøyteskiene, første gang på eit år. Gøy, men sinnsjukt sliktsomt:)

Lørdagen var det meldt ein del vind, men det var heilt stille når me starta kl 10, først til Oddavarden i knallver, fortsatt heilt stille, så Steinavatnet. Litt trekk, men langt frå så mykje som yr meldte om:) Men det var veldig kaldt, men fantstisk fint på toppen over vatnet 
IPhonen kubba som vanlig pga kulden så ingen bilder derfrå. På veg ned gjekk me mot Seljestadstølen og ned til hovedvegen og videre ned løypene til Løyning. Veldig flotte løyper som feks egnar seg i mykje vind, men litt bratt  er det! 

Rett før Seljestad mista eg eine trinsa til staven, innser at litt reservedeler bør være med i sekken, du blir ganske hjelpeløs utan trinse som er ein snø sak å fikse om du har delene...

25,5 km på 4 timar så bedagelig tempo, men flott tur!

Rett

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar