mandag 15. februar 2016

Vinterferien 2016!

Endelig fekk me meir enn ei kort helg her oppe, dvs det er ikkje så lenge sidan jul, men uansett 9 dagar på fjellet er luksus. 

Storfamilien første helga med svigers, sameigarane. Det er supert for då får me muligheten til langtur så lørdagen bar det avgårde til Steinavatnet, ein heilt fantastisk tur i slikt ver, føttene krangla dessverre, men med rolig gange gjekk det fint utan varige men:)

Første stopp er som alltid Oddavarden!

Neste var på høgaste punkt ovanfor Steinavatnet, i år er det allerede kjørt løyper til Kyrkjenuten, men me starta for seint til den turen og kroppen spela ikkje på lag!
Her er ein "på taket" føles det som, det er majestetisk, men kjølig, sola varmer ikkje mykje enda!

Morsdagen vart feira på restauranten, veldig kjekt å ha den, det vert ikkje så kostbart og er jo spesielt kjekt søndag når ein skal heim så ein slepp matlaging og oppvask og heller kan gå på ski lengre, eller komme seg litt tidlegare heim:)

I skrivande stund er det mandag kveld, heimekontor 8-13 og så akedag, grilling av pølser og bading
Heilt grei utsikt frå "kontoret":)
Symjande engel forklarer konstruktøren;)

Det vart litt for kaldt å grille pølser, brusen frøys i glasa, det er eit hint;)

Vel, så får me sjå kva resten av veka bringer:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar