mandag 9. september 2013

Telttur til Krokavatnet

Me har lenge snakka om å overnatte i fjellet med ungane. Forrig helg var det fortsatt sommerlig på Seljestad og me tok turen til leiligheten på fredagen. Lørdag la me på veg frå Korlevoll mot Krokavatnet. Det er kortare frå leiligheten enn Korlevoll, men mindre stigning. Me var godt lasta med tunge sekkar og valde traktorvegen som går utrulig langt innover. Her fristar det å ta sykkelen neste gong!

Pust i bakken må til med tung sekk og ungar. Perfekt ver, ikkje for varmt heller!

Idyll ved Krokavatnet, fantastisk fint!
Velfortent middag te alle, rart kor likt alle smakte, men skrubbsvulten gjorde det godt uansett:)

Her e da tid for frokost etter ei litt urolig natt med ein del regn, kosen ved bålet gjekk i vasken, men det var veldig trivelig å ligge i telte å ete gotteri i stadenfor. Til og med Ola på 5 fann ut at det var best å ligge i ro når ein er 4 i eit lite 3-mannstelt:)

Nedover gjekk me direkte mot Korlevoll, terrenget gjer det lett å gå utanfor stien, men eit stykke nede i dalsia traff me på merka tursti, Ola bada to gonger i ein sølepytt og gjekk te slutt i pappas stillongs innanfor søkk blaut bukse, men det var ikkje noko problem, syns han sjølv:)

Ein knalltur!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar