mandag 16. mars 2015

Nesten Påskestemning!

Langtidsvarslet meldte om flott ver til helga, heile veka så me var svært klare for fjellet igjen når fredagen kom. Me la avgårde tidlig og var oppe på Solfonn kl 1830. Svigers, våre sameigarar, var der samand med oss denne helga og dermed muligheter for å gå litt meir på ski for oss voksne.

Kl 1930 var me på Korlevoll, i lysløypa, med skøyteski på beina, men veldig harde løyper la ein liten demper på turen, men fint med to turar rundt løypa på kvelden istedenfor å skli ned i sofaen:)

Lørdagen var det Seljestadstølen med bålkaffe, pølser og pinnebrød, me oppdaga at det ikkje heilt var påsketemperaturer enda, men ingen problem å sitte ned ei stund no!

Søndagen var Steinavatnet målet, tur/retur Solfonn. Eg bar skiene frå Solfonn, det var lettare enn å prøve å få feste på det knallharde underlaget, her har me ikkje riktig utstyr enda, men vel oppe gjekk det bedre, men slittesmørrefrie ski på isete underlag er vanskelig, men me kom oss via Oddavarden til Steinavatnet og tilbake, dyktig sliten, rett i saunaen for å få varmen når eg kom ned for det var kald vind på toppen, men fantastisk tur likevel


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar