søndag 14. desember 2014

Gutatur, igjen!

Med "enorme snømengder" på Seljestad vart det litt vanskelig å halde seg heime denne helga. Julebord fredag for meg og lørdag for June hindra ikkje ein kort-tur på oss gutta, lørdag-søndag.

Ungane syns det var enorm stas å komme opp i snøen etter lengre periode med kuling, storm og regn på Stord!
Absolutt nok snø på terrassen, jordfeilvernet stod av på varmematta, men heldigvis var våre hyggelige naboar på fjellet så eg fekk klatre i stigen deira frå deira terrasse i 3. til vår i 4. etg. Me kan ikkje drive å klatre på veggen hos naboen kvar gong det kjem litt snø så om matta er ustabil blir det snarlig reklamasjon. Rett før me reiste var det god lunk i matta så eg trur berre nokon har vore borti knappen som slår ut jordfeilvernet når den nylig vart lagt ut...

Eit bra dagsverk for ein kontorist å rydde 7,5 m2 terrasse for snø, saunaen stod å venta for å halde oppe moralen:) Dessverre kom regnet utpå søndagen, men værmeldingane viser at det kun var nokre timar med mildvær før det igjen byrjar å snøe omtrent uavbrutt i 10 dagar til så det ser ut til å bli store snømengder i år:) 

Då er det berre å vente på julafta å sjå om ikkje julenissen har lagt tre par skøyte ski under treet så heile familien har skøyteski:) Det ser lett ut, men eg veit det er eit slit, men nokre mål må ein sette seg! Vel, det blir garantert tur nest helg også så ikkje siste tur jul ette, så blir et romjul og antakelig nyttår, men det blir litt til og frå pga jobb, men, men...


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar