lørdag 27. desember 2014

Nyløypa til Solfonn - sekund for sekund!

I gnistrande 14 minus satte me kurs frå Solfonn mot den nye løypa oppover fjellryggen frå Solfonn. Løypa knyter Solfonn saman med resten av løypenettet på Korlevoll og heilt til Røldal om du vil.

I linken nedanfor har eg filma med mobilen medan eg kjørte nedfarten frå siste høyspentmast og ned til hyttefeltet, ned derfrå er det ein bratt bakke og så er du ved leilighetene:) Som ein ser er ikkje underteikna så veldig flink på ski, 180 grader svingen har litt v-form etter at løypemaskinen har kjørt seg litt ned i midten, det vart for vanskelig for meg:)

Link til YouTube: https://www.youtube.com/watch?v=eyD0W65T0lo


Her har dei skutt seg inn i fjellet
















I haust utbedra det eminente Seljestad og Røldal Løypeselskap den nedre delen som blant anna var kjent for "mørdarbakken" som svenskane villa kalla den. Bakken framstod for ein vestlending som ikkje er født med ski på beina som omtrendt loddrett:)

Vel, her har dei skutt seg inn i fjellsida og bakken er no heilt kurrant, også videre oppover er det no kun bakkar som ikkje krever medfødte evner på ski, men du skal tross alt oppover så bakkane er ikkje trylla bort, men vår 6 åring klarar dette fint, sjølv med vekslande motivasjon!

Eg vil likevel sei at om ein reiser til Solfonn for å gå rolige familietur på ski så vil eg føretrekke å kjøre til Korlevoll å parkere der (husk at det koster kr. 50,-). Grunnen til det er at det er omtrendt 250 høydemeter frå Solfonn til du er på løypenettet. Frå Solfonn til Oddavarden er det 355 høydemeter.

Her gjekk med opp før:)




















Her er utsikten oppe ved fyrste masta, vel verd turen i flott vèr!

"Her gjekk eg "på tryne":)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar