lørdag 20. desember 2014

Varmematte!

Denne matta er gull verd! Mykje pengar spart vs alternativet som var å få bytta eit vindauga frå fast til åpningsbart! Kr 740,- frå isfritt.no.

Ein del leiligheter på Solfonn har dette problemet, men nokon har åpningsbart vindu mot terrasse og andre har "tak over" fra naboleiligheten, me har ingen av delene og dermed skal det ikkje store snøfallet til før ein ikkje får opp døra som går utover! I verstefall får ein då ikkje tilgang til terrassen heile vinteren!

Forrige helg måtte me klatre hos naboen, som i fjor, men matta fungerte no så ein må berre sjekke at ein ikkje har trykt på testknappen på jordfeilvernet i matta:)

Vår matte er den minste, som ein ser er det akkurat nok, fordelen med liten matte er veldig lite straumbruk, men hadde nok kjøpt hakket større om me kjøpte no!

Det har komme ca 1 meter snø på terrassen sidan forrige helg då terrassen vart rydda sist så dette er fyrste gang me har fått testa den i skikkelig snømengder, men den fungerer utmerket og annefales absolutt til andre med samme utfordring😜
Med den minste matta må ein vere nøye med plasseringa!
Trinn 1 er å opne og spa vekk snøen for å kunne åpne den lille døra!
Her går ein ut å lukker den store
Vips så var det rydda for snø:)

2 kommentarer:

  1. hei John
    Interessant! Hvor kjøpes varmematter?
    Elsa

    SvarSlett
  2. Hei! Så ikke kommentaren di før nå, vi kjøpte den på isfritt.no. Du må gjerne komme innom å se hvis du er her oppe!

    SvarSlett