mandag 10. februar 2014

Ny fjelltur i frisk vind!

Ein av dei fine tinga med Solfonn og Seljestad er at ein ikkje treng sjekke ver og vegmeldinger før ein legg ut. 

Denne helga var det verkelig mykje vind og Haukeli stengde søndag og opna ikkje før tirsdag kveld for kolonnekjøring.

Me merka vinden godt på Korlevoll og prøvde derfor Lonntjørn for første gong, her var det lunt og fint og me var her både lørdag og søndag. Søndagen var det tildels fint ver! Nokre vindrosser nådde der også, men veldig kjekk plass med skøyte løyper inni skogen, mange ivrige som trenar her.


Bra med snø på terrassen 
For ein glede:)


mandag 3. februar 2014

Badenymfer til fjells!

Dårlig ver i midten av januar satte ingen stopper for fjelltur. Bassenget stod endelig klart til bruk igjen. Fredag kveld bar det rett i bassenget når me kom opp og i iveren vart det faktisk i alt 5 turar i løpet av helga. 

Lørdagen var me ein kort tur på Korlevoll. Amund fekk prøve sine nye skøyteski og motivasjonen for å komme seg på ski var større enn nokon gong, veldig flink, men det krever kondis skøyte så her må det meir trening til...:)
Søndagen tok me akedag ved leilighetene, veldig kjekt, men deilig å tine seg opp igjen i bassenget etterpå


onsdag 1. januar 2014

Nyttårsfeiring!

3. juledag satte me kursen til fjells i skikkelig møkka vær. Lang kolonnekø over Haukelifjell, men me skal heldigvis ikkje over noko fjellovergang lengre, det har me gjort mange gonger og saknar det ikke!

Kjekt å sjå at bassenget no er ferdig flisa og klar til bruk frå midten av januar om ikkje noko uforutsett dukkar opp! I slikt vær er det ekstra fint å ha bassenget klart for både morgon og ettermiddagsbad:) Me er ivrige brukarar av bassenget;)

Lørdag var me på Korlevoll og gjekk ein kort skitur, skikkelig dårlig ver, men me må ut, godt å komme inn i igjen og rett i saunaen:)

 Søndag vart ein flott dag, smekkfult på parkeringsplassen på Korlevoll!
Mandag og tirsdag vart det jobbing for far i huset medan dei andre hadde korte skiturar begge dagane, middels vær og vått iløypene!

Nyttårsfeiring med svigers og rakettoppskyting i skibakken, veldig mykje folk i leilighetene, veldig trivelig og heldigvis veldig forsiktig rakettoppskyting ved leiligheten, me var litt spente på det!


mandag 16. desember 2013

Elektrisk snartur til Solfonn!

Eit ærend i Odda fredagen gjorde at eg såg mitt snitt til å reise opp torsdag kveld for å sleppe å stå opp kl 05!

Eg tok elbilen via Rosendal, litt pes pt sidan hurtigladeren ikkje er på plass, men no e det like før, åpner i Jan 2014.
Kvinnherad Energi var gjestfriheten sjølv og gav meg nokre timar med strøm!

I dg er det bevilga penger til hurtiglader i Odda også så dermed er det ikkje lenge før dette strekket er heilt kurrant for ein vanlig elbil også! Iløpet av 2014.

Sjeldan doning i garasjeanlegget på Solfonn:)

Medan me ventar på å få svar frå sameiet om me får lov å etablere stikk i garasjen, for egen regning inntil interessen tar seg opp må me på jakt etter straum. Her hos Røynestrand var det straum i bøtter og spann, neste gang skal eg sjølvsagt avklare på forhånd, men denne gonger hadde eg planlagt å legge lang ledning leiligheten vår, men det vart mykje styr og gjekk ikkje...

Guttetur og steikje fine gardiner!

June måtte ein snartur nordover for sjå til bestemora og resten av familien, første helga i November! 

Med planar kvar helg til rett før jul etter denne helga, fann eg og karane ut at me måtte ta turen for å bli ferdig med lamell gardinene! 


Det var skiføre og planen var å gå på ski ein tur på Korlevoll, søndagen, men tida strak ikkje til. Karane aka og lekte i snøen ved leiligheten medan far montert lammeler i større og større tempo. 8 vindu samt ein hylle skulle på plass...

Vel søndag kl 1500 var eg endelig ferdig, store vindu der nokre er skrå i tillegg gjer ikkje arbeidet lettare når ein er åleine, men no er det gjort. 

Me sakna sårt bassenget, alltid deilig, men i mellomsesongen er det ekstra kjærkomment sjølv om det var fine skiforhold på Korlevoll iflg www.sorls.no

søndag 13. oktober 2013

Høstferie!

Onsdag 9. oktober satte me kurs mot Solfonn igjen, endelig eit par dagar ekstra. Torsdagen vart det litt jobbing på morgonen før me fekk satt kurs mot Eidfjord og Hardanger Natursenter
Her var det mykje kjekt å sjå, mange stader ein får lyst til å oppsøke i fjellheimen. Ivo Caprino filmen frå Hardanger e fortsatt fantastisk, filma og vist med 5 kamera satt i system. Snakk om magasug når helikoptere stuper nedover fjellsidene!

Etterpå måtte me opp Måbødalen og kikke på Vøringsfossen i det fine været før me kjørte tebake!
Fredagen dukka det mykje hastesaker opp frå jobb og eg vart ikkje ferdig før kl 14, dermed vart det berre ein kort tur langs Løyningsvatnet, men flott tur det og neste gang ska me gå lengre og bli meir kjende. Seinare på ettermiddagen tok eg sykkelen og utforska nærområdet. Turen gjekk nedover gml vegen mot Odda, forbi Utsikten hotell, gjennom skogen og ned te Lothevatnet. Eit stykke innover snudde eg for å rekke heim til 1830 som avtalt, men innover her er det fint å sykle!
Lørdagen var det duka for dugnad, trivelig å møte naboar som du ellers berre treff i garasjen i forbifarten. Svigers kom fredagen så me stilte mannsterke, ungane var også ivrige, iallefall fram til mat kl 13:)

Det vart ein aktiv høstferie, søndag formiddag kjørte me til Buerdalen og gjekk eit stykke opp mot breen! Kjempeflott, ogsp her skal me tilbake med meir tid slik at me iallefall får gått til breekanten!
Vakkert og veldig artig med alle vardane folk hadde laga langs elveleie
Som om ikkje det var nok vart det også tid til sykkeltur på søndagen, eg kasta meg avgårde kl 15, tok bilen til Korlevoll og sykla traktorvegen opp forbi Seljestad stølen og videre mot Korkavatnet. Det vart myrete til slutt så eg snudde, men eg har tru på at det kan gå å sykle meir lengre oppe om ein har tid og ork til å bære/trille sykkelen litt. Kanongøy tur ned igjen! Då ser ein at det var vore nokre harde bakkar oppover:)

Vel, nok ein knalltur til Solfonn og Seljestad. Her er eit mangfold av muligheter, no saknar me berre drift i bassenget igjen, så er alt perfekt:)




mandag 9. september 2013

Telttur til Krokavatnet

Me har lenge snakka om å overnatte i fjellet med ungane. Forrig helg var det fortsatt sommerlig på Seljestad og me tok turen til leiligheten på fredagen. Lørdag la me på veg frå Korlevoll mot Krokavatnet. Det er kortare frå leiligheten enn Korlevoll, men mindre stigning. Me var godt lasta med tunge sekkar og valde traktorvegen som går utrulig langt innover. Her fristar det å ta sykkelen neste gong!

Pust i bakken må til med tung sekk og ungar. Perfekt ver, ikkje for varmt heller!

Idyll ved Krokavatnet, fantastisk fint!
Velfortent middag te alle, rart kor likt alle smakte, men skrubbsvulten gjorde det godt uansett:)

Her e da tid for frokost etter ei litt urolig natt med ein del regn, kosen ved bålet gjekk i vasken, men det var veldig trivelig å ligge i telte å ete gotteri i stadenfor. Til og med Ola på 5 fann ut at det var best å ligge i ro når ein er 4 i eit lite 3-mannstelt:)

Nedover gjekk me direkte mot Korlevoll, terrenget gjer det lett å gå utanfor stien, men eit stykke nede i dalsia traff me på merka tursti, Ola bada to gonger i ein sølepytt og gjekk te slutt i pappas stillongs innanfor søkk blaut bukse, men det var ikkje noko problem, syns han sjølv:)

Ein knalltur!