mandag 15. februar 2016

Vinterferien 2016!

Endelig fekk me meir enn ei kort helg her oppe, dvs det er ikkje så lenge sidan jul, men uansett 9 dagar på fjellet er luksus. 

Storfamilien første helga med svigers, sameigarane. Det er supert for då får me muligheten til langtur så lørdagen bar det avgårde til Steinavatnet, ein heilt fantastisk tur i slikt ver, føttene krangla dessverre, men med rolig gange gjekk det fint utan varige men:)

Første stopp er som alltid Oddavarden!

Neste var på høgaste punkt ovanfor Steinavatnet, i år er det allerede kjørt løyper til Kyrkjenuten, men me starta for seint til den turen og kroppen spela ikkje på lag!
Her er ein "på taket" føles det som, det er majestetisk, men kjølig, sola varmer ikkje mykje enda!

Morsdagen vart feira på restauranten, veldig kjekt å ha den, det vert ikkje så kostbart og er jo spesielt kjekt søndag når ein skal heim så ein slepp matlaging og oppvask og heller kan gå på ski lengre, eller komme seg litt tidlegare heim:)

I skrivande stund er det mandag kveld, heimekontor 8-13 og så akedag, grilling av pølser og bading
Heilt grei utsikt frå "kontoret":)
Symjande engel forklarer konstruktøren;)

Det vart litt for kaldt å grille pølser, brusen frøys i glasa, det er eit hint;)

Vel, så får me sjå kva resten av veka bringer:)

lørdag 6. februar 2016

Gutatur - 5.-7. Feb

Div aktiviteter i heimen gjorde at eg og Ola tok turen åleine denne helga. Det var på tide, det har snøa mykje og terrassen var som venta full i snø. Varmematta hadde gjort jobben slik at me fekk opp døra! 


7m2 terrasse og 70 cm snø gir 5000 liter med snø:). Ingenting ifht i fjor når det nesten dekka vinduene på 2 meter, men uansett ei god treningsøkt! Spes når det er ny frest nede så ein må prøve å kaste så langt at det ikkje fell på platen deira, dessverre ikkje mulig å unngå heilt, tross kraftige kast! 

Vel, som alltid fantastisk kjekt å komme opp, 2 veker sidan sist. Ekstra kos ved frokosten når løypemaskinen svingar innom:)
Men etter morgonbadet no kjøre med til Korlevoll sidan pluggen på 8 vil prøve skøyteskiene!

lørdag 2. januar 2016

Jula 2015

Endelig vart det jul på fjellet! Me har snakka om det før og i år når det likevel var tida igjen til å feire med svigers (sameigarane våre) passa det fint å prøve julefeiring på Solfonn!

Det vart ein suksess, usedvanlig avslappende jul, sjølv med dårlig vær første del av jula og lite utetid gjekk det heilt fint. Svært nøgd med benken oppe som erstatning for to store skap samt nyfamilieseng med knallgode madrasser!


Før satt dei voksne nede og ungane oppe, no er det god plass til alle 6 oppe og stova oppe vart mykje meir brukt enn før! Kjekt med små endringar som fungerer:)


Me gjer ikkje ting enkelt, Teslaen er solgt og bilnr 2 er akkurat no vår einaste. Absolutt søklasta tok den oss til fjells ettermiddagen den 23.12, ved å ladet bra i Etne er det uproblematisk å kjøre opp til Solfonn sjølv med ein eldre Leaf!

2. Juledag kom finværet og me fekk ein flott tur opp mot Seljestadstølen

Litt overraskande for oss var det smekk full parkering på Kolrevoll skistadion, men me skjønna fort at det vart stort skistevne på gang:)



onsdag 9. desember 2015

Hausten 2015!

Me har dessverre ikkje fått brukt leiligheten så mykje som ønska i haust, mykje seiling og hektiske helger med fotballturneringer gjer at ein ikkje rekk over alt!

Men me fekk ein fin haustferie på Solfonn med innlagt dugnad på lørdagen, alltid kjekt og ein fin måte å treffe dei andre leiligheta eigarane.

June fiska ei helg og me var oppe for nokre veker sidan og fekk prøvd skiene for første gang denne sesongen om enn på knallhardt føre!

I år skal me faktisk feire jul på Solfonn, samen med svigers som jo er medeigar  i leiligheten. Dette gjorde at det vart fortgang i div prosjekt me har snakka om ei stund. Først røyk TV benken til fordel for TV på veggen, det gav overraskande mykje ekstra plass oppe i TV stua som er litt liten om alle 6 skal sjå film feks. 

Me flytta dermed også skapene inn på soverommet og monterte ein IKEA benk der desse stod. Veldig nøgd med denne løsningen, med tre store skuffer har me også fått meir lagringsplass i tillegg.
Ulempen er mindre plass på soverommet, men der er ikkje bruk for voldsomt med gulvplass, mykje betre å få ekstra plass i oppholdsrommen. 

Men då måtte me også få gjort noko med sengene sidan det til no har stått kunne ei dobbeltseng der og dermed har me fylt golvet med madrasser når alle er  i leiligheten samtidig.

Me kjøpte ei Bjorli seng frå Fagmøblar i Sauda, dei leverte den ved heisen ein søndagskveld så betre service kunne ein ikkje fått, uten bil med henger er det vanskelig å styre med større ommøbleringer på fjellet, enn dette vart absolutt godkjent:)

søndag 5. april 2015

Påsken - del 2!

Vermeldingane har lenge rapportert om skikkelig Påskever frå torsdag, av og det slo til:)

Dessverre har ikkje Påsken like mange fridagar i andre land så når ein jobbar for eit utenlandsk selskap med korte deadlines etter mndskifte var det duka for ei jobbepåske!

Medan resten av familien var igjen, køyrde eg ned på kontoret i låglandet mandag kveld, men oppigjen onsdag kveld for å jobbe der oppefrå torsdag og fredag, med eit håp om å få tid til litt fri midt på dagen!

På veg opp onsdag kveld svippa eg innom båten og det var iallefall greit å ikkje starte båtsesongen i Påsken:) Det lava ned på Stord den kvelden!

Vel, slik ser kontoret ut på Solfonn, grei utsikt iallefall:)

Men, torsdag vart det tid til ein ettermiddagstur på Korlevoll etter at gode venner hadde komme på besøk! Fredagen vart det innedag på meg, dei andre var ute ved leilighetene heile dagen og med så mykje snø er det supert det også:)

Lørdag var det duka for Påske Olympiaden på Korlevoll, flott arrangement, 415 deltakere mellom 0-12 år er imponerande:) Me hadde 5 på startstreken:)

Søndag skal me på den nye restauranten før Påsken på Solfonn er over for oss i år, men det blir nok ein tur til før båtsesongen er i gang:)





onsdag 1. april 2015

Påske!

Endelig Palmehelg, bedre vær en meldt og flotte forhold:) Litt jobbing på enkelte før det blir ekte påske onsdag før Skjærtorsdag


Her er me langt oppi bakkene ved Seljestadstølen på rompeakrebrett, rakettfart:)
Flott tiltak av styret med bålpanner og benker ved leiligheten!


mandag 16. mars 2015

Nesten Påskestemning!

Langtidsvarslet meldte om flott ver til helga, heile veka så me var svært klare for fjellet igjen når fredagen kom. Me la avgårde tidlig og var oppe på Solfonn kl 1830. Svigers, våre sameigarar, var der samand med oss denne helga og dermed muligheter for å gå litt meir på ski for oss voksne.

Kl 1930 var me på Korlevoll, i lysløypa, med skøyteski på beina, men veldig harde løyper la ein liten demper på turen, men fint med to turar rundt løypa på kvelden istedenfor å skli ned i sofaen:)

Lørdagen var det Seljestadstølen med bålkaffe, pølser og pinnebrød, me oppdaga at det ikkje heilt var påsketemperaturer enda, men ingen problem å sitte ned ei stund no!

Søndagen var Steinavatnet målet, tur/retur Solfonn. Eg bar skiene frå Solfonn, det var lettare enn å prøve å få feste på det knallharde underlaget, her har me ikkje riktig utstyr enda, men vel oppe gjekk det bedre, men slittesmørrefrie ski på isete underlag er vanskelig, men me kom oss via Oddavarden til Steinavatnet og tilbake, dyktig sliten, rett i saunaen for å få varmen når eg kom ned for det var kald vind på toppen, men fantastisk tur likevel